Laurdag 27. september kl. 13.00-17.00 blir det open dag på museet, med utstilling og kafe. I utstillingsbygget kan ein sjå både faste utstillingar og årets temautstilling, og kl 15.00 vil Terje Lia og Hedvig Juell ha omvising i utstillinga av folkedrakter og bunader. Bunadsinteresserte som har tenkt seg på bokpresentasjonen til Kari-Anne Pedersen på Bø bok og papir, rekk omvisinga etterpå! Inngang utstilling kr 100. Velkomen!
Ørkenen Sur – den norske uteliggarkolonien i Brooklyn – foredrag ved Thor Gotaas, 21. oktober kl 19 i Gullbring
I mellomkrigstida oppsto det ein uteliggarkoloni på ei søppeldynge i Brooklyn, New York, av norske sjømenn og andre heimlause. Dei organiserte seg med borgermeister og gatenamn. Thor Gotaas har skrive ei bok om dette kapitlet i norsk utvandrings- og sjømannshistorie som varte i vel eit tiår fram til midt i 1930-åra. Thor Gotaas (født 1965) er forfatter og folkeminnegranskar. Han skriv kulturhistoriske bøker med folkloristisk vinkling.
«Sommarsondag» på Bø museum
Sundag 27. juli kl 17.00: Slåttar frå Seljordshei til Oterholt, ved Einar Øverland og Torgeir Straand. Me avsluttar sommarsesongen med eit hardingfeleprogram. Her møtest seljordingen Einar Øverland og bøheringen Torgeir Straand til spel og prat om slåttar frå Seljordshei til Oterholt. Og kanskje vil instrumentansvarleg ved museet, Atle Tjønnås, hente fram fela «Kjempa», som ein gong tilhøyrte Leiv Sandsdalen, som blei fødd for 200 år sidan. Denne sundagen kan du også få kjøpt suppe på museet, frå ca kl 13, så legg turen til Oterholt for sundagsmiddag, kaffi og vaflar, utstilling og konsert. Billett kr 200,- inkl. utstilling.
Utstilling «Med nål og tråd – folkedrakt, bunad og moderne tekstilkunst»
Velkommen til Bø museum og opning av utstillinga laurdag 28. juni 2025 kl 13.00. Program: Velkommen ved dagleg leiar Cecilie Authen Betraktningar om folkedrakt og bunad i Bø museum sine samlingar ved Terje Lia Inngang 100 kr inkludert kaffi og kaker.
Bø museum har faste utstillingar og særleg har folkedrakt og folkemusikk vore viktig innsamling og satsingsområde sidan skipinga av museet i 1977. Bunad-bruk vart UNESCO listeført hausten 2024. Årets utstilling er eit resultat av fleire tiår med innsamling og formidlar folkedrakt, bunad og moderne tekstilkunst breitt frå eigne samlingar. I tillegg blir det vist fleire moderne tekstilkunstverk frå kunstnaren Eli Nordbø (1946-2023). Utstillinga passar for alle aldersgrupper og er tilrettelagt for rullande hjelpemiddel. Utstillinga blir vist ved Bø museum tysdag – søndag 28.6 – 27.7, kl 12-17. Bø museum ønskjer å takke svært mange frivillige og andre som har bidratt til utstilling og andre tiltak på museumsområdet for sesongen 2025: Midt Telemark kommune Kulturminnefondet Roheim sag Hellestad sandtak Hasås avd. Telemarksbruket Sparebankstiftinga Bø
Pilegrimsvandring i Midt-Telemark torsdag 29. mai
Den årlege pilegrimsvandringa i Midt-Telemark er i år Kr. Himmelfartsdag, torsdag 29. mai. Bø museum held ope mellom kl 12.30 og 16.00. Sal av kjøttsuppe. Velkomen skal du vere; om du går, syklar eller køyrer bil til Oterholt.
Tre unge damer på påsketur i Årlia 1935. Frå Bø museum si fotosamling.
Bø museum i samarbeid med Bø Turlag inviterer til kulturtur til Årlia i Årmotdalen tysdag 27. mai. Avreise frå kommunehuset kl.17, samkøyring til Nord-Årlia, ca 16 km å køyre. Frå Åsebrua er det bomveg (står open), vegavgift kr. 90,-, som betalast i etterkant innan 48 timar. Me samlast på Nord-Årlia og ruslar derfrå, for dei som vil, på gamle stigar til Veslefoss, der var det kvern og sagbruk i gamle dagar. Vidare til den gamle plassen Bukkelia, ein stad med svært mykje historie. Så tilbake om Sud-Årlia. Lett tur på ca 2 km. Etter rusleturen samlast me rundt bålpanna og høyrer historier og hendingar om dei som levde i det indre av Årmotdalen og lagnaden deira. Gunleiv Brukås er turleiar og kjentmann. Finn Rønning, som skriv Husmannssoge frå Bø, og Halvor Gåra blir også med og fortel frå «Armodsdalen». Og er me heldige, blir det med nokon som var med på stulsdrifta i Nord-Årlia og kan fortelja korleis det var. Ta med det du ønskjer av mat/drikke. Me må ta atterhald om evt dårleg vêr.
Med båt på Bø-elva i vikingtid
Foto: Cecilie Authen
Torsdag 24. april kl 19.00, Åheim Foredrag ved Pål Nymoen, arkeolog / første-konservator NMF, Norsk Maritimt Museum om stokkebåten som er funne i Bø-elva ved Bakås. Jørn Berget vil snakke litt om naturvitskapleg datering av tre, og metodar for å aldersbestemme tre, hus og gjenstandar i tre. Inngang kr. 120,-. Velkomen!
Årsmøte Bø museum, Kristin Kleppen attvalt som leiar
Bø museum hadde årsmøte tysdag 25. mars. Kristin Kleppen blei attvalt som leiar og dei andre i styret er: Geir Sønstebø, Kari Lønnestad, Olav Liestøl og Gunleiv Brukås. Ingrid Smedstad er Midt-Telemark kommune sin representant i styret. I samband med årsplan for 2025, orienterte dagleg leiar Cecilie Authen om «Plan for forvaltning av samlingar, formidling og strategi for Bø museum 2025-2030«. Etter årsmøtesakene hadde Cecilie Authen, dagleg leiar ved Bø museum eit interessant foredrag om Rikard Berge og Johanna Bugge Berge. Årsmøteprotokoll.
Bøheringsspel – gamle lydfiler
Frå gamalt av har bøheringsspel vore oppfatta som speltradisjon med sentrum i Bø utan ei klar avgrensing geografisk eller biografisk. Spelemannslaget Bøheringen kjøpte ein bandopptakar i 1956. Den blei kjøpt på spleis, og det var Jens Amundsen som hadde spelaren. Jens Amundsen (1921-1987) gjorde mange opptak med denne, både heime hjå folk og på stevne. Nå er ein del av lydfilene digitalisert, som du kan høyre på Digitalt museum.
Spelemannslaget Bøheringen ca 1960.
Julehelsing
Foto: Cecilie Authen
Bø museum ønskjer medlemmer og alle andre ei fin julehøgtid og eit godt nytt år! Program for 2025 er ikkje klart ennå, men arrangementa blir kunngjort i Bø blad, på heimesida og facebooksida til museet. Velkomen på Bø museum sine arrangement i 2025!