Folkedraktseminar – gamle dokker fortel

Lørdag 26. september 2026 kl. 09.30-16.00
Folkedraktseminaret er på Bø museum, Oterholtvegen 148 i Bø.

Foto: Norsk folkemuseum
Bø museum inviterer til dagsseminar om folkedrakter, og igjen er me så heldige å ha Kari-Anne Pedersen, Terje Lia og Hedvig Juell som seminarhaldarar. Denne gongen er det skjorter, serkar og undertøy som er hovudtema, og dei vil ta for seg gamle folkedraktkledde dokker som dei vil kle av og analysere.
Kari-Anne Pedersen, Terje Lia og Hedvig Juell har solid kompetanse på folkedraktfeltet, med drakter frå Aust-Telemark som spesiale. Me ser fram til ein spennande og interessant folkedrakt-dag på Bø museum!

Kl. 09.30: Frammøte og kaffi på Åheim, pakkbua
Kl. 10.00: Seminaret startar
Kl. 12.00: Dugurd (lunsj) på Polen
Kl. 13.00: Seminaret fortset
Kl. 16.00: Slutt

Deltakaravgift: Kr. 400,- inkl. dugurd og kaffi ved ankomst.
Påmelding skjer på epost til loennest@online.no eller sms til nr 90136992. Du vil få svar med stadfesting av påmeldinga. Deltakaravgifta betalast til Bø museum, konto nr. 2630.07.11269 eller Vipps nr 512181. Merk betalinga med namn. Frist for påmelding og betaling av deltakaravgift er måndag 21. september. På grunn av plassen set me eit tak på 30 deltakarar. Meld frå om evt allergiar ved på melding, med tanke på serveringa.

Digital hardingfel

Digital hardingfeleutstilling

Bø museum har ei av Norges største felesamlingar, med hovudvekt på hardingfeler, 51 hardingfeler er i samlinga. 30 feler er utstilt på museet, og resten av felene er oppbevara i magasin. Samlinga har blitt til over tiår, og museet har drive aktiv innsamling av instrument, arkivalia og kildemateriale sidan 1977 knyttet til norsk folkemusikk.
Bø museum har fått etablert ei digital hardingfelesamling slik at informasjon om hardingfeler er lett tilgjengeleg for dei som ønskjer å sjå og høyre lydspor av feler i Bø museum sitt eige.
Ved om lag 25 feler ligg det lydspor på 30 sekund. Her kan ein f eks høyre Lars Erik Skjøtskift Øygarden
spele starten på slåtten Gygrestolen. Dermed kan ein høyre skilnaden på feler laga i ein
tidsperiode på 150-200 år.
Digital hardingfeleutstilling

Bø museum er ope til og med 2. august

Bø museum er ope også denne veka, frå tysdag 28. juli til og med sundag 2. august, kl 12-17.
Program sundag 2. august kl. 17.00: Spelemannen Torkjell Haugerud – eit hundreogfemtiårsminne, ved Torgeir Straand og Kari Lønnestad. I samarbeid med Folkemusikkarkivet i Telemark.
Kafe med sal av kaffi, vaflar med eller utan is, brus og småis. Kanskje du vil prøve kaffi med is! Sal av rjomegraut frå kl 13. Museumsbutikk.
Vanleg museumsbillett, men program 2. august kostar kr 200,-, billetten gjeld også tilgang til utstillingane.
Velkomen!

Sommar på Bø museum

Bø museum er ope frå laurdag 4. juli til sundag 2. august, tysdag til sundag, kl 12.00 – 17.00.
Program i løpet av sommaren:
Fredag 3. juli kl 18.00: Opning av sommarsesongen v/ordførar Siri Blickfeldt Dyrland. Orientering om årets utstillingar på Bø museum. Servering av kaffi og kake.
Sundag 05.07. kl. 15.00: Firfletting – handverk og kulturarv – nytt av gamalt, ved Torhild Aavik. Medlemer frå Midt-Telemark husflidslag er på museet med ymse handverk denne dagen.
Sundag 12.07. kl. 15.00: Tinga fortel. Finn Rønning og Marthe Haugerud gir oss historia bak gjenstandane.
Sal av kjøttsuppe frå kl 13.
Sundag 19.07. kl. 15.00: Plantevandring på Oterholt/Kvennøya med nyttevekstsakkyndig Iselin Coward.
Sundag 26.07. kl. 15.00: Eventyr, segn og soge. Familieprogram ved forteljar Astrid Holtskog.
Sal av spa/kjøttsuppe frå kl 13.
Sundag 02.08. kl. 17.00: Spelemannen Torkjell Haugerud – eit hundreogfemtiårsminne, ved Torgeir Straand og Kari Lønnestad. I samarbeid med Folkemusikkarkivet i Telemark.
Sal av rjomegraut frå kl 13.
Vanleg museumsbillett på arrangementa, men program 2. august kostar kr 200,- og gjeld også tilgang til utstillingane. Kafe med kaffi, is, brus, vaflar. Museumsbutikk.
Velkomen til Bø museum i sommar!

Energi på Kvennøya

Bø museum har denne veka gjennomført energidagar på Kvennøya for 6. klassetrinn ved Bø skule og 5. og 6. klasse Folkestad skule. Til saman har om lag 90 elevar vore på Kvennøya i løpet av fire dagar.
Elevane var innom ulike stasjonar: Oterholt kraftverk, minivasskraft, solceller, varmeenergi/bål, fossil energi (olje/bensin), energikamp (ulike konkurransar). Etter at elevane hadde vore på ein stasjon, måtte dei svare på eit spørsmålskjema. Elevane har fått kunnskap om ulike energiformer, interesserte og aktive elevar!
På bildet ser de Bjørn Steen som gir ei gruppe elevar innføring i solcellestraum.
Dette er tredje året Bø museum gjennomfører Energi på Kvennøya, som er eit tilbod gjennom den kulturelle skulesekken. Jarle Tyvold har laga undervisningsopplegget, og har vore prosjektleiar. Kvar dag har det i tillegg vore med 6 frivillige frå Bø museum.

Kulturtur i Folkestadgrenda
26. mai kl 17.30

Bø museum i samarbeid med Bø turlag inviterer til kulturhistorisk rusletur i øvre del av den kjende hardingfelegrenda. Me startar ved Lifjellkrysset/Telemark fjellbygg og vandrar ein rundtur på omlag 2,5 km etter vegar og stigar i øvre del av Folkestadgrenda. Her i området har det hendt mykje gjennom hundreåra og vore ei rivande utvikling, og det finst mykje lokal historie om liv og lagnad. Her har vore dans med kjende felespelarar, men òg triste hendingar.
Frammøte ved kommunehuset kl.17.30 for felles kjøring, eller ein kan møte opp ved Lifjellkrysset. Turen vil ta omlag 2 timar. Turleiar Gunleiv Brukås og andre lokalt kjende.

Pilegrimsvandring i Midt-Telemark måndag 25. mai

Den årlege pilegrimsvandringa i Midt-Telemark er i år 2. pinsedag, måndag 25. mai. Bø museum held ope mellom kl 12.30 og 16.00. Sal av kjøttsuppe. Om lag kl 13 kjem det nokre spelemenn frå Spelemannslaget Bøheringen. Velkomen skal du vere; om du går, syklar eller køyrer bil til Oterholt. Pilegrimsvandring 2026

Åsestugo i «husbunad»

Bø museum har hatt besøk av Torhild Aavik og Marthe Haugerud som arbeider med dokumentasjon av firfletting. Dei har kledd Åsestugo vakkert i «husbunad». Tjelda høgsete til bryllaup, sendingsklede, kisteklede og likkross. Silje Ensby frå Norsk håndverksinstitutt har filma det heile. Takk til alle for dokumentasjon og kunnskapsformidling av ein gløymt tradisjon.
Foto: Cecilie Authen, Bø museum.

Eventyr frå Midt-Telemark

Torsdag 16. april kl 19.00 – Pakkbua, Åheim.

Jutular, rusular, troll, gygrer og Oskefisar – dei fleste er med på denne forteljarkvelden på Bø museum. Det blir ein eventyrleg time med minst 150 år gamle historiar frå Midt-Telemark.
Høye Rue les og fortel, medan Olav H. Skjeldal syner illustrasjonane sine til eventyra.
Desse to står bak to eventyrbøker basert på materiale innsamla av Moltke Moe og Halvor H Nordbø på 1800-talet, og denne kvelden er det altså eventyr frå Midt-Telemark me får høyre. Det vil også bli høve til å kjøpe bøkene frå Tårån Forlag DA.
Enkel servering. Billett kr 150.