Kvennøya

Kvennøya ligg i Bøelva frå Oterholtfossen og nedover til Haugesagfossen. Bø kommune eig øya, men har regulert ho til frilufts- og museumsføremål slik at ho i dag blir nytta som ein del av museumsområdet på Oterholt.

I 1999 blei det opna bru over øya frå Oterholtsida. Brua blei finansiert av Eckbos legat, Direktoratet for naturforvaltning, Bø kommune og Bø Museum.

Det gamle namnet på øya var Sandulsøya, men frå 1600-talet er ho kalla Kvennøya. Øya høyrde opphavleg under Sisjord. Eigedomstilhøva skifte mykje gjennom hundreåra, og først i 1862 blei møllaren eigar, og Kvennøya blei sjøleige.

Her låg forholda til rette for at det skulle utvikle seg til eit «senter» for tidleg industriell verksemd med kverner, møller og sagbruk. Skriftleg kan vi følgje dei ulike verksemdene tilbake til 1600-talet, men dei er truleg eldre. Møllene på Kvennøya blei rivne kring 1960, og det er i dag bare restar å sjå etter dei.

Midt på øya budde møllaren på det vi kallar «Mølleplassen». Her var det eit lite gardsbruk, men bygningane her blei og rivne kring 1960.

Kring 1990 tok Bø Museum til med å rekonstruere Mølleplassen. Utgangspunktet var ein branntakst for staden frå 1892. Den første bygningen som kom opp, var stugubygningen frå Stulen ved Tveiten, vidare blei det flytt ein låve frå Plassen på Vatnarheia, eit tømra fjøs frå Skogen i Bøgata og ei smiu frå Nistugu Lia. Eit eldhus og eit bur frå Kølen ved Jønneberg og ei badstugu frå Jønneberg er også flytt dit.

1930-32 blei det bygd kraftverk på øya av AS Hørte Bruk og det er framleis i drift.

I dag er området på Kvennøya ei perle, som eignar seg godt for rusleturar med sus frå skog og elv i bakgrunnen.