Om oss

Om Bø Museum

Anlegget

Bø Museum er lokalisert til Oterholt (hovudsete), Kvennøya og Østerli i Bø.
Bø Museum forvaltar 4 kulturhistoriske bygningar på Oterholt, 5 på Kvennøya og 4 på Østerli.
I tillegg kjem 2 bygningar på opphavleg plass ute i bygda.
Bø Museum forvaltar med dette til saman 15 kulturhistoriske bygningar.

Samlingane

Gjenstandsamlinga til Bø Museum utgjer totalt kring 10200 gjenstandar og fotosamlinga kring 6200 foto.
Bø Museum registrerer samlinga i Primus og leggjar stadig nye foto ut på Digitalt Museum.

Bø lokalhistorisk arkiv
Bø Museum og Bø kommune har samla sine private arkiv i Bø Lokalhistoriske arkiv. Bø Museum drifter arkivet for Bø kommune.
Arkivet består av kring 230 privatarkiv.

Bø  Museum har ei bokstamme på kring 10.800 band. Mykje er lokallitteratur frå Telemark og kulturhistorie i tråd med samlingane elles. Boksamlinga er digitalisert og kan søkast på i biblioteksystemet «Tidemann» på museet.