Kalender


aug
10
lør
Sommarutstilling 2019 – Bygda og handverkaren @ Bø Museum,
aug 10@11:00-16:00
sep
21
lør
«Handelstader langs vassvegen i Midt-Telemark» – open dag på Bø Museum @ Oterholtvegen 148
sep 21@14:00-17:00

Utstillinga «Bygda og handverkaren» er open. Bokmarknad – brukte bøker til ein billig penge!
Kl 15: Kåseri ved Einar Fagerås og Finn Rønning: Historia om handelssenteret på Oterholt. Omvising i butikk og leiligheit på Åheim.
Kr 70 i inngangspengar for foredrag og utstillinga. Kafé og sal av brød baka i steinomn.
Bø Museum i samarbeid med Midt-Telemark Museum.

okt
26
lør
«Bø på kino» – Filmklipp frå «Gunhild og Birger Kinck samlinga» @ Gullbring kulturanlegg, kinosalen
okt 26@14:00-15:30
Bø Museum syner glimt frå dei siste 40 åra – arrangement, organisasjonsliv og intervju med personar. Sit godt i kinosalen og nyt desse historiske klippa! Pris kr 150.
Billettar får du kjøpt i Gullbring eller på www.gullbring.no.
 
nov
7
tor
Arkivdagen @ Bø Museum, Oterholtvegen 148
nov 7@19:00-21:00

Arkivdagen 2019. Spelemenn omtalt av Knut H. Nordbø (1866-1944). Knut H. Nordbø, journalist i Varden, skreiv mange artiklar om spelemenn i første halvdel av 1900-talet. Me finn fram desse artiklane og ser nærare på nokre av spelemennene han omtalte og speltradisjonen etter dei. Presentasjon av foto og lydopptak. Ved Finn Rønning, Asbjørn Storesund og Kari Lønnestad.
Lokalhistorisk arkiv i Bø og Folkemusikkarkivet i Telemark står bak arrangementet. Servering. Inngang kr. 150.-

nov
14
tor
Husmannssoga band II @ Oterholtvegen 148
nov 14@19:00-21:00

Husmannssoga band II; presentasjon av boka ved Finn Rønning som har skrive husmannssoga. Sal av boka. Kaffi og kaker.

nov
23
lør
Julemesse på Bø Museum
nov 23@12:00-nov 24@17:00

Velkomen til den årlege julemessa på Bø Museum; sal av småkaker, kling, honning, handverkprodukt, bøker m m. Kafe; graut laurdag og suppe sundag. Kaffi og kaker.

des
12
tor
Førjulskveld på Bø Museum @ Bø Museum, Oterholtvegen 148
des 12@19:00-21:00

Førsteamanuensis Ved USN, Herleik Baklid, fortel om tradisjonar knytt til tida før jul. Kveldsmat.
Pris kr 150.

jan
10
fre
Julegilde på Bø Museum @ Bø Museum, Oterholtvegen 148
jan 10@18:00-23:00

Bø museum inviterer til godt gamaldags julegilde! Kvelden startar med skjenk i Åsestugo før Bjørg Momrak og Inger Åse Sønstebø serverer eit festmåltid med tradisjonsmat på Polen. Kjøkemeister for kvelden er Torgeir Straand, og det blir enkelte innslag undervegs. Pris kr. 450,- inkl. mat og drikke. Påmelding innan 20. desember til Kari Lønnestad, e-post loennest@online.no eller sms / telefon 90136992. Avgrensa tal på plassar.